Tentro – alternativt konfirmasjonstilbod

 Kva er tentro?

  • Tentro er eit alternativt konfirmasjonstilbod, laga for å gje deg opplevingar, erfaringar og kunnskap.
  • Opplegget har ein klår og tydeleg kristen profil, der bibelske temaer er sentrale
  • Tentro-opplegget er utvikla i samarbeid mellom fleire frikyrkjelege organisasjonar og frittståande menigheter i Norge. Du finn mer informasjon om tentro og grupper på www.tentro.no

Korleis er tentro?

  • Det nyttast ulike verkemidlar henta frå din kvardag. Filmklipp, musikk, bilder, illustrasjonar, fortellingar, samtaler, leiker og konkurransar gjer at du får ein aktuell og god forståing av kvart tema.
  • Du vil kanskje bli overraska over kor mykje i din kvardag som kan knyttast opp mot nettopp tru og Bibelen.
  • Vi vil lytte til dine spørsmål og tankar, og gå saman med deg eit lite stykke.
  • Samlingane er uformelle og sosiale. Ein viktig del av tentroåret er møtet med andre tenåringar, både i gruppa, og på felles leir med mange andre tentro-elevar.

Tentro i Kviteseid Pinsemenighet

  • Det krevst ikkje at du er medlem i vår menighet, er døypt, eller kallar deg kristen.
  • Samlingar annenkvar veke med oppstart i september.
  • Tentro-leir (weekend) i Fyresdal i januar
  • Avslutning med høgtidsmøte i april/mai.
  • Opplegget er gratis. Det du betaler for er turer og leir, og mat på samlingane.

Er du interessert?  Ta kontakt: fredheim@kviteseid.net