GODHET Kviteseid


“Små ting gjort i kjærleik kan forandre verda”

Ei veke i byrjinga av mai-måned er det Godhetsveke i Kviteseid.  Då gjeng vi saman på tvers av kyrkjegrensene og tilbyr praktisk hjelp til folk i bygda som treng det.

Fyrste året med Godhetsveke i Kviteseid var i 2015, og dei site åra har det vore omlag 60-70 deltakarar som har valgt å bruke tid på å hjelpe til.
Årleg har det vore over 30 ulike oppdrag. Nokon får ordna hagen sin, andre får vaska hus, eller skifta dekk på bilen.

Målgruppa er dei som treng help til ting dei ikkje greier sjølv, og det er mellom anna mange eldre og sjuke som tek imot hjelp. Alt ein treng hjelp til kan ein spørre om denne veka.
Ideen om ei godhetsveke starta i Stavanger i 2006, og har siden spredt seg til mange stader i landet vårt. GODHET, Norge har ei nettsida som du finn her: www.godhet.no

Neste godhetsveke i Kviteseid blir i tida 4. – 9. mai 2020

Facebooksida til GODHET Kviteseid