Fredheimkoret

Fredheimkoret starta opp i 2009. Fleire og fleire har ønskja å bli med i koret, og i 2020 talde koret omlag 45 medlemmar inklusiv musikarar.
Koret har eit variert repertoar, alt frå gospel og spirituals til salmer og meir tradisjonelle korarrangement.  Koret er blitt kjend for stort engasjement og songglede, og det svinger godt når Fredheimkoret set i gong. Alle som har interesse for å synge er hjarteleg velkomen i koret.

For tida har koret ulike prosjekter. Då har vi ein periode der med øver fram til eit songoppdrag, Vanlegvis har eit prosjekt på våren, eit på hausten, og eit juleprosjekt der vi deltek på den tradisjonsrike adventskonserten i Kviteseid kyrkje  som i hovudregelen er tredje sundag i advent. Ta kontakt på post@kviteseid-pinsemenighet.no om du vil bli med

Jubileumskonsert I anledning av at koret har holdt på i 10 år arrangerte vi jubileumskonsert 26. januar 2020. Det blei ein vellukka kveld med fullt hus på Fredheim. Her er eit bilete av koret tatt i anledning jubileumskonserten. (Klikk på biletet for å sjå det større)